Vi er Miljøfyrtårn-sertifisert

Vi er stolte av å kunngjøre at Lustrabaatane har blitt Miljøfyrtårn-sertifisert, et bevis på vårt fokus for bærekraft og miljøbevissthet. Vi står sammen om en grønnere fremtid.


FN sine Bærekrafts mål for bærekraftig utvikling

Bærekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for å utrydda fattigdom, bekjempe ulikhet og stoppe klimaendringene. I 2015 gikk FNs tusenårsmål ut og vart erstatta av bærekraftsmåla. FN sine Bærekraftsmål er “den nye” planen frem mot 2030.


Våre Bærekraftsmål

I vår drift har me Særskilt fokus på tre av desse bærekraftsmåla:

FNs Bærekraftsmål 9 -
Innovasjon og infrastruktur

Vår drift i Verdsarvfjordane er underlagt nokre av verdas strengaste miljøkrav. Nye og enda strengare krav er på trappene, og me skal sjølvsagt innretta oss etter desse krava for å bidra til det me kan for å oppnå dette målet.

FNs Bærekraftsmål 12 -
Sikre forbruk og produksjon

Dei aller fleste fartøy går på MGO som har eit max svovelinnhold på 1000ppm.
Lustrabaatane har sidan me starta valgt å bruke farga diesel i alle våre fartøy. Farga diesel har eit svovelinnhald på 5-7ppm, og uttsleppet av SOx vert såleis betydeleg redusert. I tillegg har farga diesel innblanding av BIO-diesel som reduserer utsleppa ytterlegare. Dieselen me brukar er av same kvalitet som den som blir brukt i personbiler. Me stenger ned maskinene og ligg på landstraum når det er mogeleg.

FNs Bærekraftsmål 14 - Liv under vann

“Bevare og bruke hav og marine ressurser på en måte som fremmer bærekraftig utvikling”
Ingenting skal bli kastet over bord fra våre fartøy. Me skal ta omsyn og køyre varsomt i område der erosjon er ei utfordring.

Litt om prosessen og korleis me vart Miljøfyrtårn:

Me starta prosessen våren 2023. Prosedyrer, rutiner og dagleg drift vart saumfart og kartlagt for å finne ut kvar me var i løypa, og alt var loggført for å kunne gjere progresjonen og utviklinga målbar. Det meste hadde me god oversikt over gjennom det eksisterande sikkerheitsstyringssystemet, og noko måtte leggast til.

Rett før jul fekk me besøk langveis fra av Miljøfyrtårnsertifisør, og 13.Desember kunne me kalla oss Miljøfyrtårn !

Me er stolte over denne sertifiseringa og at me går inn i 2024 som Miljøfyrtårn, men me er samstundes veldig klar over at dette berre er starten.

Sertifiseringa viste at me er svært gode på mykje, og den har gjort oss bevisste på område der me kan forbetra oss.

Me må alle gjere det me kan for å ta vare på den fantastiske naturen og miljøet som omgir oss og hugsa på at reisa er målet.

Alle kan gjera noko

Med ynskje om eit godt nytt år!

Helsing

Grete Bugge / CEO