Vilkår
Sist oppdatert: 26.04.2026.
Dersom du handlar på vegne av ein agent med eigen avtale med Lustrabaatane AS vil den eksisterande avtalen gjelde framfor vilkåra nedanfor.
Bestilling
For garantert plass bør reisa bestillast i god tid før avgang. Plass kan bestillast på lustrabaatane.no, ved landgangen før avgang eller hos samarbeidande agentar.
Ved bestilling på lustrabaatane.no vert reisedokumenta sende per e-post. Ved kjøp av billett hos andre salsstader, er salsstaden ansvarleg for å utlevere nødvendige reisedokument.
Merk! På dei turane der barn under 4 år reiser gratis, må det gjerast plassreservasjon òg for desse.
Betaling
Du kan betale med kort når du bestiller på lustrabaatane.no.
Ved kjøp av billettar ved landgang kan du betale med kort, Vipps eller kontantar (me godtek berre NOK). Ved kjøp av billettar hos samarbeidande agentar kan du betale med kort.
Frammøte
Du er sjølv ansvarleg for å ta med deg alle reisedokument og sjekke at billettane stemmer med di bestilling. Gyldig reisedokument må visast ved ombordstiging, enten på papir eller som billett på mobil/nettbrett.
QR-kode må vere synleg for skanning. Hugs å ta med gyldig legitimasjon ved kjøp av rabatterte billettar.
Frammøte skal skje seinast 20 minutt før avgang. For sambandet Kaupanger–Gudvangen gjeld frammøte seinast 45 minutt før avgang. Lustrabaatane held av retten til å avvise passasjerar/køyretøy som kjem for seint til oppgitt frammøtetid. Lustrabaatane refunderer ikkje betalte billettar ved forseinka frammøte.
Forseinking og kansellering
Dersom Lustrabaatane må kansellere ein tur vil du få tilbod om å endre reservasjonen til ein annan avgang, eller refusjon av det du har betalt for turen.
Lustrabaatane kan òg avlyse reisa dersom uventa tilhøve som me ikkje kan kontrollere, som ekstreme vêrforhold, naturkatastrofe, arbeidskonfliktar eller liknande, gjer det vanskeleg eller utilrådeleg å gjennomføre reisa (force majeure). Kunden har ikkje krav på tilbakebetaling dersom avbrotet skuldast force majeure. Lustrabaatane vil i desse tilfella gjere sitt beste for å endre reservasjonen din til ein annan avgang eller gi råd om alternative løysingar.
Lustrabaatane eller salsstaden vil informere deg dersom det oppstår vesentlege endringar som gjeld di bestilling.
Endring/avbestilling av reiser
Billettar kjøpte på Lustrabaatane.no:
Inntil 48 timar før avreisetidspunkt kan den reisande sjølv kansellere bestillinga på Mi side. Lenke til Mi side står i e-posten med bestillingsstadfestinga frå oss. Pengane vert automatisk refunderte til konto.
Billettar kjøpte hos ein av våre samarbeidspartnarar:
Ta direkte kontakt med aktuell part.
Ved avbestilling inntil to dagar før avreisedato blir alle betalte billettar refunderte med 100%. Ingen refusjon vert gitt ved kanselleringar etter denne fristen.
Reisande med særskilte behov
Våre båtar er klassiske fjordfartøy med avgrensa tilgjenge for rullestolar og barnevogner. Me ber passasjerar med særskilde behov om å ta kontakt med oss på post@lustrabaatane.no for få avklart dette nærare, så vil me gjere vårt beste for å hjelpe.
Klage
Dersom du opplever manglar ved reisa og/eller tenester utført av Lustrabaatane, må du snarast melde frå.
Eventuell klage eller krav om erstatning skal sendast skriftleg per brev eller per e-post seinast to månader etter reisa. Kopi av billett og anna relevant dokumentasjon må leggast ved.